Vi er ei sterk kraft
- Denne krafta står bak dei små produsentane! Denne krafta står bak dei grøne! Og denne krafta gir seg ikkje før det å vere ein liten, berekraftig grøntprodusent på Vestlandet vert sett på som det ypperste norsk landbruk har å vise fram, avslutta styremedlem Ida Kleppe i sitt innlegg på årsmøtet i Norges Bondelag
Her kan du lese heile innlegget til Ida Kleppe
- Eg er ny her. Når eg vart spurt om å sitje i styret i Vestland Bondelag hadde eg mest lyst å takke nei. Eg var skeptisk til heile Bondelaget. Eg såg på det som ein (og no siterar eg meg sjølv) “tungrodd og konservativ organisasjon, som består av tildels sveiseblinde menneske - blotta for evne til å sjå samanhengar og ynskje framsteg”
Men eg sa ja, og no har eg blitt kjend med Vestland Bondelag. Og eg over meg av beundring og godord for dei andre i styret.
No forstår eg at Knut vil ha ammekyr, sjølv om dei er klimaverstingar. Eg har blitt skeptisk bortfall av sprøytemiddel, sjølv om eg sverga til økologisk dyrking. Og eg skjønar at ei ku meir vil løne seg - for eg er tross alt sunnmøring.
Men EG må skjerpe meg! Skal verda - og vår næring - gå framover, så må vi ha perpektiv! Og MITT perspektiv er at miljø og klima er ein av dei viktigaste sakene i jordbruket. Mitt synspunkt er at frukt og grøntproduksjonen skal opp. Vi skal ha FLEIRE, små produsentar! Og det med god grunn:
For: Norge er kupert!!
Lokalmat sel godt
Sjølvforsyning skal opp.
Bererdskap skal opp.
Vi skal ha matproduksjon over heile landet.
Vi skal minke utsleppa av klimagass
Vi skal ha fleire yngre og kvinnelege bønder.
Dette er fakta vi må handle på. Og reine fakta seier at om vi skal nå måla som vi sjølv har satt oss, så er små grøntprodusentar ein svært viktig brikke.
- Eg forstår at det likevel er sterke krefter i Bondelaget og næringa elles som vil bli kvitt små frukt og grøntprodusentar. Men eg er også ei sterk kraft. Og no er eg i Bondelaget.
At vi fekk marknadshagar inn i jordbruksoppgjeret var ein stor siger. No må vi bygge vidare på det! Men stønaden utgjer småpengar. Mange marknadshagar er på berre ein dekar. Med botnfrådrag på 11000 fell då stønaden vekk.
Vi fekk i årets forhandlingar oppretta sone 5 på arealtiskot potet og grønsaker. Vi fekk også tilskot til innfrysingsanlegg på industribær - Lat oss håpe desse tiltaka ikkje kom for seint, og lat oss byggje vidare på det.
Vi har fortsatt ein lang veg å gå: Vi må ha avløysartilskot for grøntprodusentar!! I sesongen kan eg ikkje vere vekk meir eitt kvarter før blomkålen går i stokk! Plommene MÅ plukkast rette dagen. Det MÅ vere rom for å vere sjuk.
Vi er fleire små grøntprodusentar i Bondelaget. Og vi er ei sterk kraft! Denne krafta står bak dei små! Denne krafta står bak dei grøne! Og denne krafta gir seg ikkje før det å vere ein liten, berekraftig grøntprodusent på Vestlandet vert sett på som det ypperste norsk landbruk har å vise fram!