Fleire av lokallaga i Vestland har gjort avtalar med barnehagar og barneskular i sitt nærområde, og utover våren kjem vi til å dele bilete og oppdateringar frå rundt omkring i fylket. Det er framleis litt tidleg i vekstsesongen i Vestland, og mange plassar ligg det framleis eit godt lag med snø som må smelte før pallekarmane kan takast i bruk. Enn så lenge er det mest innandørs forkultivering det går i, men meir kjem. :)

Voss Bondelag er første laget ut med å sende inn bilete. Der har dei delt ut frø, spirekasasr og jord til 6 tilfeldig utvalde barnehagar i kommunen. - Me fekk gode prisar hjå Felleskjøpet på Voss, så då klarte me å strekke budsjettet og nå ut til fleire, skriv leiar i Voss Bondelag, Grethe Monica Haug. 

I tillegg til lokallaga har òg fylkessstyret og administrasjonen engasjert seg i kampanjen. Kvar og ein er utfordra på å ha ein pallekarm e.l. som vi skal følgje i løpet av sesongen. Det vert både pallekarmar, drivhus og heimesnekra plantekassar. Marianne Nordhus har gått for heimesnekring og gjenbruk, og har laga ein fantastisk plantekasse av gammalt tak og fjøler.

Styremedlem Olav Myhr har sett i gang plantesesongen i drivhuset sitt, med salatar, reddikar og sukkererter.

Katten er med og inspiserar at alt går rett føre seg.  

Det er ikkje alle plassar det går an å dyrke utandørs endå, hjå Gry Ingvild Agjeld ligg snøen framleis tjukk utafor vindauget. Men ynskjet om vår er stort, og ho har handla inn frø til forkultivering i glaskarmen fram til våren slepp til og det er trygt å plante ut. 

Det går nokre dagar før Gry Ingvild får planta utandørs.... :)