Vestland treng ein aktiv distriktspolitikk
- Eg er oppriktig skuffa over at regjeringa påfører landbruksnæringa auka kostnader ved forslag om å innføre avgift på mineralgjødsel, seier fylkesleiar Jan Erik Fløtre
Fylkesleiaren er på reise sør i Vestland for å delta på fleire lokallagsårsmøte. Han kunne difor følgje framlegginga av statsbudsjettet på radio på veg sørover i Vestland.
– Då får ein tid til å gjere seg nokon tankar kring både avgifter, rovvilt, vegløyvingar, viktige samfunnsfunksjonar, busetjing, næring og annan viktig distriktspolitikk, held Fløtre fram.
- Eg er oppriktig skuffa – ikkje berre over forslaget på avgift på mineralgjødsel og reduserte løyvingar til skadeførebyggande tiltak i rovviltforvaltninga. Eg er også skuffa på vegne av distrikta i Vestland.
Om vi ser vekk frå Bergen og nokon få andre nærliggande kommunar, så er Vestland prega av distriktskommunar som krev politisk vilje til å løyve øyremerka midlar til ulike konkrete tiltak.
Ungdommane våre må kjenne det attraktivt å kome heim
Det er avgjerande for landbruket og framtidsutsiktene til næringa at vi klarar å ta vare på dei ungdommane som vel å bli buande og arbeide i heimkommunen. Det er også heilt avgjerande at det vert attraktivt for dei ungdommane som flyttar for å ta utdanning å kome attende til heimkommunen der dei vaks opp. Difor er til dømes også grepet med å utelate svært mange av kommunane i Vestland frå ordninga med nedskriving av studielån eit skuffande forslag.
"Kvardagsvegane" må vere trygge
Det same er den manglande viljen til å styrke løyvingane til «kvardagsvegane» og ferjene våre på ein tilstrekkeleg måte. Ei styrking av kommuneøkonomien, som er på eit slikt nivå løyvingane til fylkesvegar og rassikring også når fram i kamp mot helsekroner og skulebudsjett er viktig. Skal samfunnet i Vestland fungere må «kvardagsvegane» våre, som vi treng kvar dag til og frå barnehage, skule, arbeid, næringstransport og fritidsaktivitetar vere trygge, avsluttar Fløtre