Denne veka hadde Grøntutvalet i vest besøk av 1. vara til styret i Norges Bondelag, Even Skårberg Aarnes. Grøntutvalet i Vest er felles for Møre og Romsdal Bondelag og Vestland Bondelag.

PROGRAM FOR BESØKET

Dialogen og humøret undervegs på reisa var god.  Tida vart nytta svært godt til gjensidig kunnskapsbygging om både ulike driftsvilkår og produksjonar.

Gardsbesøk på DigranesGardsbesøk Digranes  hos Tommy Kvile og Vilde Åkra Digranes

Det kostar å drenere ny matjord i vestNydyrking av areal til fruktproduksjon på Digranes

Både i Møre og Romsdal og i Vestland har vi mykje areal som kan vere eigna for produksjon av ulike typar grøntprodukt.  Det ligg til dømes til rette for auka potetproduksjon og grønsakproduksjon.  På frukt og bær er  produksjonen på vestlandet stor i volum, men her opplever vi at produksjon vert "flytta" og sentralisert til færre større produsentar i meir sentrale strøk av landet. 

- I vest er vi mange produsentar som deler på produksjonen i eit stort distrikt der utfordringar knytt til logistikk og transport er annleis enn i meir sentrale strøk, seier Kari Sigrun Lysne.   Dette var mellom det vi ynskte å synleggjere for Even. 

Ivar I. Bleie i Frukthagen Hardanger synleggjorte at tollvern på eple er for svakt. Det gjer mellom anna at norsk eplekonsentrat ikkje er konkurransedyktig i marknaden.  Tollvernet må opp og regelverk tilpassast skal ein klare å nyttiggjere seg all norsk produksjon framover.

På Hardanger Fjordfrukt held fokuset på eple og dei produsenteigde lagera si store viktigheit for produksjonen fram.  Fruktlagertilskotet må styrkast og endrast med ein struktur i botnen.  Reisefølgjet fekk også innsyn i investeringane som lageret har gjort for å følgje med i marknaden og tilpasse seg ny teknologi når det gjeld lagring og haldbarheit av produkta.

Deltakarane samla saman med tilsette på Hardanger Produksjonsskule. F.v. Even S. Aarnes, Guri-Kristina Batta Bjørnstad, Jørn Erik Toppe, Andrid Solaas Innset, Olav Håkon Ulfsnes, Knut Byrkjenes Hauso, Gry Ingvild Agjeld, Kari Sigrun Lysne og Audun Skjervøy.

- Det er noko med å sjå og drøfte det der utfordringane er, held  Lysne fram.   Trass i utfordringane kom det tydeleg fram at vi i vest ynskjer å produsere meir.   Då må vi verte tilgodesett med kvotar frå Gartnerhallen seier Lysne.   Det må også vere ei politisk forståing internt i næringa for, at eit landbruk i heile landet krev at dei økonomisk politiske verkemidlane er sterkara i distrikta enn i sentrale strøk held ho fram.

Det må til dømes vere struktur i botnen på alle tilskota, avsluttar Lysne som er svært glad for at Even Skårberg Aarnes takka ja til dialogturen i vest.  Lysne, dei andre i grøntutvalet i vest og fylkesleiarane ser fram til vidare samarbeid med Aarnes i den rolla han no får sentralt i Norges Bondelag. 

Dagleg leiar ved Sogn Grønt Gudvin Haraldson orienterer om drifta dei har på Vangsnes.  Oppdraget hans er å handtere volumet av bringebær og jordbær på en måte som sikrar alle leverandørane best mogleg økonomi.

Utanfor Sogn Grønt

Siste stopp på turen var besøk hos Sogn Frukt og Grønt SA i Lærdal

Det er plass til fleire poteter i vest