Nils Magne Gjengedal, leiar i verveutvalet, starta med å ynskje velkomen. I tillegg delte han sine beste tips og triks for korleis ein kunne bli ein betre vervar. 

Medlem i fylkesstyret Nils Magne Gjengedal delte sine erfaringar

Knut Tore Nes Hjelle frå Eid Bondelag  og Kristen Grov frå Gloppen Bondelag

Torunn Ommedal Aandstad frå Hyen Bondelag og Arne Frode Øvreseth frå Breim Bondelag

Deltakarane fann seg ein roleg stad der dei kunne ringe til potensielle medlemer.  På slutten av dagen møttes me igjen, og det var tid for å kåre ein vinnar. 

Vinnaren av vervekonkurransen vart Kristen Grov. Leiaren i Gloppen Bondelag verva seks nye medlemmer denne dagen, og me gratulerer. 

I konkurransen deltok:

Kristen Grov -  Leiar i Gloppen Bondelag

Arne Frode Øvreseth - Leiar i  Breim Bondelag

Torunn Ommedal Aandstad - Leiar i  Hyen Bondelag

Knut Tore Nes Hjelle - Leiar i Eid Bondelag

I tillegg stile Gry Ingvild Agjeld, Nils Magne Gjengedal frå fylkeslaget.