Styremedlem og medlem i verveutvalet, Gry Ingvild Agjeld, oppmuntrar alle til å vere med i Bondelaget.

- For meg er det viktig at Bondelaget er stort og sterkt og har medlemmer over heile landet, seier Gry Ingvild Agjeld, styremedlem i Sogn og Fjordane Bondelag. - Eg er opptatt av at vi skal ha eit landbruk over heile landet, og då må me alle stå saman og jobbe i lag.  

Gry Ingvild og familien driv ein gard med 72 vinterfora sauer på Agjelda i Stryn kommune. Ho har vore medlem i Bondelaget sidan 2005, og ser mange verdiar i å vere ein del av ein stor organisasjon. - Det er viktig å ha ein god, sterk organisasjon som jobbar heile vegen med det som er viktig for meg som bonde. Eg oppleve at Bondelaget er ein open organisasjon der alle kan vere med uavhengig av storleik på garden sin eller type produksjon. Det er kort veg til toppen, og eg føler ein blir høyrt når ein har noko på hjarte.

At Bondelaget er representert med lokallag i alle kommunar, gir organisasjonen ein stor styrke meinar Agjeld. - Det gjer at fylkeslaga har eit solid grunnlag for å jobbe aktivt inn mot Norges Bondelag. Her i Sogn og Fjordane er me òg so heldige å ha eit fylkeslag som er veldig aktive, og som er synlege både lokalt og nasjonalt. I tillegg har me eit fylkeskontor som jobbar godt for medlemane våra, seier Agjeld.

Sommarkampanje - vinn gåvekort!

Det er alltid plass til fleire medlemer, og alle kan vere medlem i Bondelaget om ein er bonde eller ikkje. I sommar køyrer Norges Bondelag ein vervekonkurranse, der alle som vervar eit medlem i perioden 25.juni til 30.august er med i trekninga av eit gåvekort på 5000 kr på De Historiske Hoteller.

- Alle som vervar er med i trekninga, uavhengig av kor mange de vervar. Her er det berre å hive seg rundt og verve, oppfordrar Agjeld.

 

Treng du vervemateriell, kan du kontakte fylkeskontoret og få tilsendt i posten.