3.VARA I VESTLAND BONDELAG: Oddbjørn Bratthole.

 

- Det er sagt at det å vere bonde er verdas beste yrke, det er sant. Gleda av å produsere mat til andre syns eg er kjekk. Gleda er i alle fall betre enn den økonomiske sansen, ler Oddbjørn Bratthole.

På Vossestrand driv Bratthole tradisjonelt vestlandslandbruk med mjølkeproduskjon og mellomkalv. Han eig ein mjølkekvote på 70 tonn, i tillegg leiger han 30 tonn.

- Eg driftar 120 mål, det inkluderer leigejord.

Oddbjørn er utdanna agronom, og har fagbrev som landbruksmekanikar. Han er gift med Elin, og saman har dei to vaksne barn.

- Eg jobbar utanfor garden også, eg er fagarbeidar på teknisk avdeling på Voss sjukehus.

 

Brennande engasjement for vestlandsbonden

FOTO: Kim Johnsen. Bilete syner garden til Oddbjørn.

 

- Eg brenn for at vestlandsbonden skal få betre levekår, og eg håpar eg kan medverke til at det skjer.

Bratthole fortel at han takka ja til styreverv i Vestland Bondelag fordi han hadde lyst til å bidra.

- Skal ein ha ein levande organisasjon, må alle ta sin del.

Sjølv om Oddbjørn er fersk i vervet, har han lang erfaring med å vere tilitsvald.

- No sit eg som leiar i Vossestrand Bondelag, eg sit også i kretsutvalet til Nortura.

Han har også vore aktiv i Røde kors heile sitt liv, og har hatt ulike verv dei siste 25 åra.

 

Fylgjer spent med på jordbruksoppgjeret

STOLT BONDE: Oddbjørn Bratthole.

 

- I dag kjem staten med sitt tilbod i jordbruksoppgjeret. Eg har ei forsiktig forventning. Det er viktig at alle får inntektsutvikling. Alle er like viktige, liten som stor.

For Oddbjørn er det viktig at bøndene får betalt for jobben dei gjer.

- Bøndene har ein heilt avgjerande jobb, dei produserer mat, og dei held kulturlandskapet i hevd. Mistar me fleire bønder kan bygdene fort bli utvatna. Kanskje sit ein att med eit par store bruk, i staden for mange små.

 

Dersom du fekk vere landbruks- og matminister i ein dag, kva hadde du gjort då?

- Eg hadde jobba for at andre departement skulle forstå viktigheita med å produsere norsk mat på norske ressursar. I tillegg hadde eg løfta inntekta til bonden.