Vellukka samling for nye lokallagsleiarar
Før leiarmøtet til Vestland Bondelag på Voss, fekk nye lokallagsleiarar tilbod om å delta på ei samling. Målet var å informere om oppgåver knytta til leiarvervet.
Det var ein engasjert gjeng som deltok på samlinga for nye lokallagsleiarar på Voss. Målet var å fortelje litt om kva oppgåver som er knytt til leiarvervet, og kva mogelegheiter som ligg der. I tillegg var det fokus på sosiale media, og kva kanalar lokallaga kan nytte der om dei vil.
Fagleg påfyll
Dei frammøtte fekk også høyre på fylkesleiar Gry Ingvild Agjeld. Ho prata om politikk, og oppmoda lokallagsleiarane til å vere flinke til å ta kontakt med politikarane i kommunane sine.
I tillegg delte ho erfaringar, nyttige tips og gode råd.
Det var ei kjekk stund. Vestland Bondelag avslutta med å ynskje alle dei frammøtte lukke til med jobben som ventar.