Fleire hundre tok turen på Open Gard på Kaupanger.

 

Flagget var oppe og sola skein på Hovland Gard.

 

Folk Sogn og Fjordane Bondelag prata med, let vel over arrangementet.

 

Det var mange smil å finne blant dei besøkande.

 

Fylkesleiar Anders Felde var på plass.

 

Moro med hesteskokasting.

 

Kvar person fekk to forsøk, og dei beste resultata vart notert.

 

Bygdekvinnelaget i Sogndal var på plass i kiosken.

 

Torodd Kvam var grillsjef, og serverte mellom anna heilgrilla lam frå Hovland Gard.

 

Maten fekk mykje skryt av dei besøkande.

 

Å ri på hest var veldig populært.

 

Det var også stas å få prøve traktoren.

 

Ein anna populær aktivitet var å hoppe i høyret.

 

Lillian og Magne Selseng var vertskap for hendinga.

 

Kjekt med høner. Eigaren sjølv synte dei fram til Sogn og Fjordane Bondelag.

 

Publikum fekk sjå mange ulike dyr, mellom anna geiter.

 

Kari syns det var bra at Sogndal Bondelag arrangerte Open Gard i år. Ho syns det er flott at ungar kan kome og oppleve dyr.

 

Også morellsteinspytting sto på programmet.

 

Fylkesleiar Anders Felde gav blomst til vertskapet og takka for ein kjekk dag.