Vellukka årsmøte på Dampen
Davik/Ålfoten Bondelag har hatt årsmøte, og på programmet sto tema som studiering, medlemstreff, nedskalering av mjølk og satsing på sau.
Årsmøtet til Davik/Ålfoten bondelag var på Dampen i Davik, og på menyen flotte karbonadesmørbrød og mjølk i stettglas.
Davik/Ålfoten bondelag ønskjer å arbeide med studiering i forkant av jordbruksforhandlingane og planlegg medlemstreff i nye fjøsen til Brynjar Myklebust og Svåda samdrift.
Var innspel frå Årsmøtet om at dei helst skulle sett at styret i Ålfoten/Davik hadde tatt seg tid til å sende høyringssvar i saka om Nedskalering av mjølk. Mjølkeproduksjonen er viktig i bygdene i Davik og Ålfoten, og det blir satsa mykje på mjølk.
Gry Ingvild Agjeld orienterte frå arbeidet til fylkesstyret i Sogn og fjordane bondelag og heldt eit føredrag om bygging av sauefjøs i heiltre på Agjeld.
Stein Kåre Karstensen vart attvald som leiar.