I 2014 kan du besøkje Open Gard på følgjande stader og tidspunkt i Sogn og Fjordane:

Listene gard i Eikefjorden, 24. august 2014. Opningstida er frå kl. 11.00-kl. 16.00. På Listene kan du møte mange spennande dyr. Det vert sal av mat, og aktivitetar for store og små. Arrangørar er Eikefjord Bondelag og Eikefjord Bygdekvinnelag, og vertskap på garden er Marianne Kvalvik Kvamme og Jørn Kåre Kvamme.

Mo og Øyrane vidaregåande skule, avd. Mo, 07. september 2014.  Opningstida er frå kl. 12.00-16.00. Open Gard på Mo har vorte ein tradisjon. I år er det lokale bonde- og bygdekvinnelag i Førde og Naustdal som ønskjer velkomen. Mange kjekke aktivitetar, og sal av grillmat og tradisjonsrik kaffimat.

Velkomen til gards!