FRÅ VENSTRE: Reidun Solberg Seim (Fylkessekretær i Norges Jeger- og Fiskerforbund Sogn og Fjordane), Merete Støfring (seniorrådgjevar i Vestland Bondelag) og Johan Trygve Solheim (Dagleg leiar for Norsk Hjortesenter).

 

- Dette er ein måte å kommunisere med både medlemmer, og andre som har interesse for forvaltninga av hjort.

Det fortel Johan Trygve Solheim, dagleg leiar for Norsk Hjortesenter.

 

Godt for helsa

- Hjortejakta har god effekt på både den psykiske og fysiske helsa, seier Reidun Solberg Seim.

Ho er fylkessekretær i Norges Jeger- og Fiskerforbund Sogn og Fjordane.

- Mange gler seg til jakta veldig lenge. Dei startar førebuingane tideleg på våren med skytetrening, sjekkar om utsyret i orden, byggger opp formen og trimmar hunden.  Jakta betyr mykje for mangen.

 

Stor interesse for hjort

- Hjort engasjerer og hjorten interesserar. Den er både ein ressurs, men også eit problem for mange grunneigarar.

Det fortel Merete Støfring, seniorrådgjevar i Vestland Bondelag.

- Hjorten påfører mange økonomisk tap. Korleis kan ein balansere forvaltninga sånn at ein kan ta ut det økonomiske potensiale som ein har, samtidig som ein reduserer dei største skadeverknadane for dei som opplever hjorten som negativ for si bedrift og si verksemd?

 

Høyr første episode av hjortebrølet