Me startar runda hjå leiar i Oppstryn Bondelag, Mathilde Dolen Nesje. - Her har me endeleg fått sola tilbake på tunet, så det gjer godt i kulden, seier Nesje. Ho melder om flott og kaldt vinterver med temperaturar ned mot -15. - Eg har ikkje høyrt at nokon av bøndene her har hatt problem med frose vatn, so eg håpar det går bra denne kuldeperioden for alle. No ser ho fram mot mildare vêr, men gler seg aller mest til ein kan samlast igjen. - Det har vore roleg i lokallaget dette året. Me fekk samla oss til årsmøte i haust og til regionmøte, men elles har det vore lite fysiske treff. Men me får håpe det snart går an å samlast igjen. 

Sola er endeleg tilbake hjå Mathilde!

Leiar i Os Bondelag, Olav Botnevik traff me midt i middagslaginga. - Her går det for det meste i rekneskapsarbeid, vedhogst og mjølking, seier han. Det er alltid noko som skal gjerast, og å setje seg ned er ikkje hjelp i for då kjem ein bakpå. Kulden har heldigvis ikkje laga for mykje ekstraarbeid, Olav har vore føre-var og passa på so vatnet ikkje frys. På lokallagsfronten kjenner han på at ein blir sett bakpå av korona. Styret jobbar med høyringssaker og har digitale møter, men han skulle gjerne fått til noko for medlemene. - Men slik er ståda, vi må vente og sjå kva som skjer med restriksjonane framover. 

Godt å fylle lageret med ved so kaldt som det er ute no for tida. 

Olav og kona på luftetur i det flotte vinterveret. 

Neste lokallagsleiar på lista var Jan Otto Pletten, leiar i Alversund og Seim Bondelag. - Eg er så heldig at eg har to jobbar som bonde - både heime hjå meg sjølv der eg driv med ammekyr og i jobben min på Lyngheisenteret der eg har ansvar for sauene, seier Pletten. På Lyngheisenteret har han ansvar for utegangarsauene som held lyngheiene i hevd. Dei hadde ein god slått i fjor så dei har godt med tørrhøy å fôre ekstra med no når det er lite mat å hente i heiene. Heime ventar han på at kalvinga skal gå i gang. Han har 6 mordyr som skal kalve i mars. Når det gjeld lokallagsaktivitet ligg dei og vakar på at det snart skal bli lov å gjere noko igjen. - Det har vore eit merkeleg år å vere leiar i lokallaget, her har vore mest som eit vakuum, seier han. Han trekk fram Bondens Dag i Knarvik som ein kjekk dag dei ikkje har fått gjennomført pga korona. - Her kjem dugnadsanda fram, medlemene stiller opp og lagar til eit flott opplegg. Håpar vi kan få til å gjennomføre dette igjen snart. 

Det er flotte dagar å jobbe på Lyngheisenteret. Utsikt til leia inn mot Bergen. 

Hjå leiar i Viksdalen Bondelag, Erlend Brede Fossen, er det nokolunde rolege dagar. - Eg tek ut avspasering, seier han. Det går i vanleg fjøsstell, bondelagsmøter og å få ferdig rekneskapet, men elles er det lite aktivitet akkurat no. - Eg tek inn arbeidstimane resten av året så det gjer godt å få lada opp litt før ein går i gang med saueklippsesongen, lamminga, kalvinga  og våronna, seier han. Denne veka fekk han besøk av hjort som forsynte seg av rundballane, men skaden vart ikkje så ille då han fekk gjerda inn rundballane etter første natta. - Alt er kvitt og frose no so dei er lettare desperate etter mat når dei går rett ved fjøsveggen og leitar. 

Rundballane måtte gjerdast inn då hjorten prøvde å forsyne seg. - Det er lite høve for å sole seg hjå meg for tida, må sei eg gler meg til sola kjem att kring 20. februar. 

Avspaseringa til Erlend brukast mykje til å fyre i omnen... - Eg vekslar mellom sofa, lenestol og kontorstol og rekneskapsføring i kulden. 

Kva tenkjer lokallagsleiarane om fastelavnsbollar? 

Hjå Mathilde i Oppstryn er det nok ikkje fastelavnsbollar som står øverst på ynskjelista. - Eg klarar meg egentleg godt utan fastelavnsbollar, men får eg det servert så et eg det gjerne. Eg er nok meir glad i sjokolade så står ikkje akkurat på haude for å lage bollar sjølv, ler ho 

Jan Otto i Alversund og Seim er meir entusiastisk når det kjem til bollane. - Fastelavnsbollar må ein ha! Ungane er glad i dei so eg tenkjer me må knalle til med bollar i helga, ler han. Men er det han som skal bake dei? - Nei det er nok den fantastiske kona mi som diskar opp med bollane, so får eg heller prøve å hugse på at det er både morsdag og Valentinsdag same dagen... 

I Viksdalen har Erlend eit dillemma... - Nei det er vel egentleg tid for å tenkje på sommarkroppen2021, men det er jo fantastisk med fastelavnsbollar så eg klarar nok ikkje stå i mot freistinga. 

Hjå Olav i Os Bondelag er ikkje fastelavnsbollane ein fast tradisjon. - Men det er jo alltid godt med bollar så det spørs om det ikkje blir litt i helga.