Annleis-våren 2020 held fram med overraskingane sine, og denne veka har det vore duka for ein bonusvinter fleire plassar i Sogn og Fjordane. Me har hatt oss ein prat med Asle Magne Ellingsund, leiar i Eikefjord Bondelag, han var ein av dei som vakna til 10 cm nysnø her om dagen... - Men ein kan ikkje gjere noko med vêret, seier han. Både gjødsel og gylle er allereie kome ut så han ligg greit an. 17.mai i Eikefjorden blir nok på gamle måten, der det blir opp til kvar og ein og feire heime. Men rømmegraut blir det, med spekemat og flattbrød.

Våronna er ferdig, og ein ventar på sol og varme hjå Asle Magne Ellingsund.

Hjå Anders Skarestad i Fjærland Bondelag har det òg kome snø midt i beste våronn-tid. Det har vore relativt tørt i Fjærland så fleire har venta med å få ut gjødsel på bøane. - Men me får tru det blir sommar i år òg, seier Skarestad. I Fjærland blir det 17.mai feiring via Facebook, der det blir livesending frå kransenedlegging, appell, tale og musikk. Rømmegraut blir det sjølvsagt, med spekemat og flattbrød.

 Det vårast i Fjærland.

Gjødsla må ut, sjølv om snøen ligg godt ned i fjellsida framleis.

 

Endeleg varmt og fint nok til at sauene kan vere ute i Fjærland.

I Olden er lokallagsleiar Leiv Arne Egset ferdig med våronna og held på med maling av ny garasje attmed låven. Dei fleste ser ut til å vere ferdige, beita er byrja å bli grøne og fine, men snøbygene som har kome siste tida gjer det utriveleg å vere ute. I Stryn kommune skal 17.mai feiringa sendast via nærradio frå 10-14 med både intervju og korpsmusikk. så e rhåpet at ein kan få godt nok ver til at ein kan gå ut og grille, eventuelt komme seg på ein fjelltur. For Egset er det ikkje rømmegraut som er tradisjon med 17.mai, men koldtbord på hotellet og vaflar og kaker på skulen etterpå. Men det får ein heller ta att til neste år.

Framleis mykje snø i Olden òg, men det har vorte grønt og fint på bøane.

I Hafslo har lokallagsleiar Claus Rumohr Moe travle dagar med bygging av nytt fjøsbygg. 600 m2 ny fjøs skal byggast, og totalt skal han ha i underkant av 40 mjølkekyr på garden. Akkurat no er det gjødselkjellaren som skal støypast, og målet er å ha heile bygget klart til midten av september i år. Dei har ikkje gått klar snøbygene i Hafslo heller denne veka, men med mykje snø i fjellet og tørre bøar kunne han heller tenkje seg litt regn i kommande dagar. 17.mai feiringa kjem til å føregå heime, men Moe reknar med det blir salutt, noko korpsmusikk og tale frå ordførar. Då det ikkje blir rømmegraut på skulen i år, blir det grilling i tunet istadenfor.

Claus Rumohr Moe og Linda Marie Hagelin framfor den nye fjøsen.

Heile gjengen har vore ute på beiteinspeksjon. Litt gjerdearbeid må til, så blir det slepp av ungdyra i helga.

Storsporvreiret vart redda frå gylle og traktorhjul, ser ut til at det går bra med alle 4 egga.

Hjå lokallagsleiar i Jølster Bondelag, Geir Støfring, er møka komen ut og trua på sommar framleis i hevd sjølv om det har kome snø i mai. - Det ligg litt bakpå, graset gror litt seint, men når varmen kjem vert det ei ordning på dette, seier Støfring. På 17.mai blir rømmegrauten lik som før, men elles blir det ei annleis feiring heime. Støfring oppmodar alle til å bruke årets 17.mai til å gjere noko kjekt, ha kvalitetstid med familien, gå ein fjelltur, sett 17.mai sløyfe på sauen din eller pynt traktoren.

Godt med snø i fjella kring Støfring i Jølster òg.

Desse kjekkasane er klar for at det snart blir skikkelig vår i vêret.

Ranveig Årskog i Henden Bondelag rapporterar at alle har vore opptatt med våronna og lamminga. Dei aller fleste var kjappe og fekk ut kunstgjødsla før snøen kom. For snøen har kome der òg. Ikkje ofte sauene til nestleiar i Henden Bondelag, Roy Cato Hopland, går ute og beitar i snøbyger på denne tid av året. Men det blir nok skikkeleg vår og sommar i år òg. :)

Då gjenstår det berre å seie god 17.mai til alle, me håpar de får ein flott dag! Og skulle du mangle oppskrift til rømmegrauten, klikk HER.