- Vart ståande litt i ro våren hos oss også, men no lysnar det og graset er i god vekst.  Det er alltid like kjekt å sjå at da vert grønt og naturen vaknar skikkeleg til liv att, held Fardal fram.  Gjennom samtaler med leiarane i lokallaga våre ynskjer vi å verte kjend med driftsvilkår og produksjonar i heile Vestland. 

Biletet nedanfor skulle eigentleg vore ein del av ein reportasje for 2 veker sidan, men så vart det brot i jordbruksoppgjeret med dei konsekvensar det fekk for fokuset i fylkeslaget.  Bileta syner garden og bygda til leiar i Høyanger Bondelag Yngve Fardal.   Garden ligg indst i Fuglesetfjorden på sørsida av Sognefjorden.  Saman med kona Eldfrid Førde driv han familebruk med mjølkeproduksjon og noko kjøtproduksjon.  Garden tok dei over etter foreldra hennar.  Fjøset er frå 2001 med lausdrift og mjølkerobot.

Gardane på Førde i Bjordal.  Garden til Eldfrid og Yngve ligg til høgre ved fjorden

Yngve Fardal ny leiar i Høyanger Bondelag

Sommareventyret med ei ramme i bagasjerommet - Fin reportasje frå Høyanger Sørside

Attleggarbeid i slutten av april