Hjå leiaren i Vik Bondelag, Turid Haga Vange er det stille før stormen. – Me er ferdig med insemineringa og tyngda av drektigheitskontrollar, og so har me bestilt frø og er ferdige med planlegginga av årets vekstsesong. So no er me klare for å gå i gang med gylling etter påske og få fart på sesongen, seier Turid. 

Drektigheitskontroll på Vange Gard ved veterinær Oddfrid Vange Bergfjord. 

I lokallaget har dei helde på med planlegging av ein klimadag som dei ville gjennomføre rett over påske, men denne måtte dei dessverre avlyse grunna restriksjonane. Elles skryt ho over eit godt samarbeid med kommunen, der kommuneleiinga inviterte lokallaget inn til møte i forbinding med utarbeiding av ny arealplan. I tillegg har dei fått vidareført innsamlingsordninga på landbruksplast med midlar frå næringsfondet eit år til. – I fjor hadde me faktisk innsamlingsrekord med levering av heile 20 tonn rundballeplast! Seier Turid. Det viser kor viktig det er å ha ei ordning for å få levert plasten, og dei håpar å få på plass ei meir permanent løysing.

Det vårast i Vik. 

Når det gjeld påska så blir det nok heimepåske som for so mange andre. – Eg kosar meg i ku-kohorten min, eg. So håpar eg på fint ver og påskestemning. Me har Vikafjellet nært og på vårstøylen har me ei hytte som me kanskje tek turen til, seier Turid. 

Tidleg krøkast for god bonde å bli. Knut på 2 år er med på fjøsstellet på Vange Gard.

Heilt sør i fylket vårt, hjå Etne Bondelag sin leiar Roar Gundegjerde, bankar våren på døra. - No trur eg me er mange som er klare for at våren kjem for fullt og at vi kan få ut møka og komme i gang med ny utesesong, seier han. På garden driv dei med kjøttproduksjon og har oppmot 210 kalvar som dei fôrar opp i løpet av eit års tid. - Me leverar ca 70 tonn i slaktevekt kvart år. Før me tok over vurderte me å gå i gang med sau, men om me skulle komt opp i 70 tonn med lammekjøtt i året trur eg det hadde blitt bra varmt om øyra her, ler Roar. 

Gløym elg i solnedgang, her får du traktor og gyllevogn i solnedgang. :)

Etne har vore på nyheitene denna veka med ei skikkeleg gladsak om 18 år gamle Øystein Børve som har kjøpt seg ein stor gard og satsar for framtida. - Me gjorde litt stas på han her i lokallaget saman med Tine, Nortura og Fiskå Mølle då han kjøpte, og me syns dette er skikkelig kjekt! Det er eit utruleg godt landbruksmiljø i Etne, og det som er so kjekt å sjå er alle dei unge som teke over og satsar vidare. Eg har inntrykk av at dei jobbar tett i lag, ringjer kvarandre medan dei held på med fjøsstellet og har investert i mykje likt utstyr slik at dei kan hjelpe kvarandre. Eg må òg skryte av generasjonen over der fleire har gått over til andre yrke for å sleppe ungdommen til. Dette er viktig for då får ein inn dei nye medan pågangsmotet og iveren er på topp. Og so er det godt for dei nye bøndene å ha kårfolket å støtte seg på, det har vertfall vore mi erfaring her frå garden der far min har vore ei god støtte etter me tok over. 

No ser han fram mot påske, sjølv om det kanskje ikkje vert påskeeggjakt slik dei pleier å ha. - Me får sjå kor det blir i år, men det som er sikkert er at det blir våronn rett etter påske. Og so må me jo glede oss over den fantastiske tida me går i møte. Det er stas når naboen slepp sauene ut og ungane fer rundt på sykkel. 

Roar Gundegjerde har ei ganske so ok utsikt å nyte påskeegga sine til. :)

Ei anna som gler seg til påskeferie er Margun Myrmel Øren, leiar i Gaular Bondelag. - Her er det midt i travlaste rekneskapstida, seier ho. Forutan om det vanlege fjøsstellet har det gått mykje i skogrydding på garden hennar. E39 skal få ny trasè med tunnell forbi Myrmel, og då må det ryddast skog. - Det blir fantastisk når vegen kjem utafor oss, då slepp me trafikken gjennom bygda, det vert tryggare å ferdast og enklare for oss å krysse vegen utan å måtte vente på køane med bilar skal passere, seier Margun. 

Skogrydding for ny E39 trasè.

Elles er det som hjå dei andre lokallaga, ein venta rpå å få gå i gang med våronna og ein ventar på at lamminga skal ta til. Hjå ein av bøndene har visst veren vore på eit tidleg besøk, for der har det allereie kome eit par små ulldottar i fjøsen. 

Nokon har vore på hemmeleg besøk utan å halde 1 meter avstand på Hauken Gard...

Påska vert finalen på vedkløyvinga, men ho skal òg finne tid til det som er eit fast påskeinnslag: solo, kvikk lunsj og appelsin! - Det blir heimepåske, og so håpar me på fint ver så det går an å vere ute og ordne litt kring husa og forhåpentlegvis nyte livet i solveggen. 

På rekke og rad når det er mat å få. 

Traktoren og gyllevogne i solnedgang får herved konkurranse frå fjording i solnedgang :)

Siste stoppet denne veka var hjå leiar i Granvin Bondelag, Helena Elvetun. Ho òg ser fram mot våren som no er i anmarsj. - Eg er nett verdig med vaksineringa, og so tek lamminga til kring 10.april, seier ho. - Eller, det vil sei, det ser ut til at veren har brutt med korona-restriksjonane og vore på besøk utan å halde 1 meter avstand, so det har allereie kome eit par små ulldottar i fjøsen, ler ho.

Den skuldige veren, her frå då han var verfast i sommar....

For lokallaget har det ikkje vore mykje aktivitet grunna restriksjonane, men saman med dei andre bondelaga i Voss Herad har dei jobba med politiske saker, og elles får dei unna både skrapinnsamling og plastinnsamling. I jobben i NLR er det travelt med klimakalkulator, gjødselplanar og våronnmøte.

Det vårast på bøane hjå Helena i Granvin.  

For å komme i skikkeleg påskesteming må ho ha påskelam! - Det høyrer jo med i påska, so det må vi få til i år òg. Og so håpar eg å få til ein skitur sjølv om det minkar på snøen. 

 

God påske!