#norgetrengerbondenI går ettermiddag hadde bønder i Nordhordland og Hjelmås Mannskor ein improvisert FlashMob i samand med jordbruksforhandlingane. Koret stemte i ein vakker song lånt av Troms Bondelag, medan bøndene delte ut smaksprøvar på norskprodusert mat.

-Jeg håper forhandlingsutvalget kjenner trøkket fra den menige bonde!, sa fylkesleiar Frøydis Haugen om stuntet.

Koret tok også turen til Bergen der dei song på Bergen Storsenter. Bønder frå Bergen og Osterøy var med og delte ut smaksprøvar. Bergensere på shopping tok godt i mot koret, og nokre sa dei vart reint rørt av songen.

Avisa Strilen var på staden, og her kan du lese artikkelen: Overraska med song og lokalmat.

Tekst: Oddbjørn Sæther. Melodi: Harald Lind-Hanssen. Takk til Troms Bondelag for lån av songen og til Hjelmås mannskor for flott framføring.

Her er video frå Knarvik senter:

Her er video frå Bergen Storsenter:

 

Bønder frå Nordhordland

Frøydis Haugen i intervju med pressa

Hjelmås mannskor i Bergen storsenter

Bønder deler ut smaksprøvar i Bergen

Smaksprøvar