Dersom denne ordninga endar med å styrke dei sterkaste områda våre so har vi ikkje gjort jobben rett og slett,  seier ein tydeleg fylkesleiar.   Ja det er snakk om mindre prosentvise endringar i totalen, men dette går nok ein gong i feil retning for landbruket i distrikt utan andre alternativ enn grasproduksjon.  

Tala frå Landbruksdirektoratet syner at Rogaland, tidlegare Oppland fylke, Trøndelag, Nordland og Finnmark styrkar sin relative del av mjølkeproduksjonen gjennom dette ekstraordinære tiltaket ved at dei ikkje medverkar tilstrekkeleg med å ta sin del av reduksjonen.  

Fylkesleiar Anders Felde meiner det er det er udramatisk og veldig enkelt å rette opp skeivheita.  Staten kan halde att kvote og ikkje selje kvote ut att i desse regionane før ein har redusert produksjonen også i desse regionane i tråd med fordelinga i avtala.   Når vi er tydelege på at utkjøpsordninga IKKJE skal endre den regionale fordelinga så må vi faktisk levere på akkurat det, seier ein svært tydeleg fylkesleiar.

Fylkesleiar Anders Felde