- Utanlandsk arbeidskraft har både erfaring og kompetanse
Regjeringa har vedteke at utanlandske arbeidarar frå EU/EØS-land slepp inn i Norge, også under koronakrisa.
LEIAR I SOGN OG FJORDANE BONDELAG: Anders Felde.
- Regjeringa har vedteke at utanlandske arbeidarar frå EU/EØS-land slepp inn i Norge. Dei har gjort endringar i bortvisningsloven som i praksis vil seie at arbeidarar som har arbeidsavtale og opphaldsadresse i Norge slepp inn.
Leiaren i Sogn og Fjordane Bondelag fortel at frukt-, grønt- og bærnæringa er heilt avhengig av utanlandsk arbeidskraft i sesong.
- Utanlandsk arbeidskraft har både erfaring og kompetanse, seier Felde.
Forventningar til kommunane
- Me i Bondelaget forventar at kommunane handterer karantenereglane for arbeidarane som kjem, slik at dei kan gjennomførast på garden dei skal jobbe.
Han legg til at dei må få kunne arbeide i både åker og frukthagar i karantenetida.
- Eg trur at mange av dei utanlandske sesongarbeidarane vil kome, men det er ikkje sikkert alle kjem.
Felde forklarar at krona er svak og at innteninga kan verte svakare. I tillegg er det ikkje sikkert alle vil reise frå familien, då korona-viruset skapar stor uvisse.
- Det kan difor bli behov for meir norsk arbeidskraft enn det tidlegare har vore.
Nøgd
- Næringa sjølv er veldig nøgde, fortel Felde.
Han meiner Regjeringa si avgjerd gjev eit positivt signal.
- Eg oppmodar alle bønder til å gje gass å produsere fantastisk frukt, grønsaker og bær i tida som kjem.
- næringa sjølv er veldig nøgs. Me i bl forventar kommunane handterer karantenereglane aslik at den kan gjjennomførast på garden dei skal arbeide. Og at dei også kan arbeide i frukthagen /åker i karantenetida.