Bruk med mjølk hadde ein nedgang i inntekta på 10,8 prosent samanlikna med 2018.   Gardsbruka med sau fekk ein liten auke i inntekta på 5,4 prosent, men ligg framleis svært lågt i inntekt. Frukt- og bærprodusentane  hadde ein nedgang på 13,7 prosent, men dei har framleis den høgaste jordbruksinntekta på Vestlandet.  Jordbruksinntekta for vestlandsbonden er gradvis blitt svekka sidan toppåret  2015.    Det viser tal frå driftsgranskingane til NIBIO som vart lagt fram i dag.

 Det at vestlandsbonden over tid har nedgang i inntekta, og i tillegg ligg under gjennomsnittet for landet er alvorleg!! Held Felde fram.

Det syner seg at det å investere og fornye driftsapparatet vert dyrt for vestlandsbonden som i snitt har dei minste bruka i landet.   Arbeidsforbruket auka også med 2 prosent, så det medverkar også til redusert resultat.   Mange av bruka har nådd ein storleik, som gjer det vanskeleg å betre inntekta berre ved å vekse endå meir og springe endå fortare. 

 For fleire av husdyrproduksjonane tyder mykje på at 2020 kan bli eit betre år, då marknaden har betra seg og med det også prisane.  Likevel syner tala frå driftsgranskingane at  kostnadene aukar og særleg er dette utfordrande for bønder som utviklar bruket ved å fornye bygningane.  Til dømes er det framleis svært mange mjølkebruk som driv i båsfjøs og som må bygge om til lausdrift dei komande ti åra.   Det trengst eit krafttak for å sikre eit framtidshåp for desse produsentane.   Dette vil vere avgjerande for matforsyning, verdiskaping og busetnad på Vestlandet.

Nettoinvesteringane på vestlandsbruka i 2019 var meir enn dobbelt så høge som  landsgjennomsnittet. I gjennomsnitt investerte vestlandsbøndene kr 215 000, medan nettoinvesteringane for landet var på kr 113 800. Vestlandsbonden investerte i stor grad i driftsbygningar og mjølkekvote, men også ein del i jord, maskiner og reiskap. Samla gjeld auka med 9 prosent for vestlandsbonden, og var på 3,3 mill. kr i middel per bruk.  Rentekostnadene auka med 16 prosent.