I samband med jordbruksoppgjeret 2022 vart det gjort fleire endringar knytt til Investering og bedriftsutvikling i landbruket (IBU-forskrifta). Det vedkom tiltaksgrupper og tilskotsnivå.  Bakgrunnen var å oppdatere og forenkle regelverket samt oppjustere maksimal tilskotsordning innan to tiltak. 

Avtalepartane vart mellom anna samde om å heve maksimalt tilskot til inntil 3,5 millionar og inntil 40 % av godkjent kostnadsoverslag for investeringa.  Dette er den første auken av satsane sidan 2017.  Endringa vert mellom anna grunngjeven med den store investeringstrongen som følge av overgangen frå båsfjøs til lausdrift i mjølke og storfeproduksjonen.   Det går også fram av § 3 i forskrifta at det kan gjevast eit tilskot på kroner 400.000 i tillegg til dei som brukar stor grad av tre som byggemateriale. 

Tekst frå forskifta som vart lagt ut på Landbruks- og Matdepartementet sine sider 20.desember 2022:

§ 3 første ledd bokstav c skal lyde: c) Investeringer i produksjonsanlegg: Til investeringer i faste anlegg og tilhørende produksjonsutstyr av varig karakter, kan det gis tilskudd til inntil 40 prosent av kostnadene, begrenset oppad til 40 prosent av godkjent kostnadsoverslag for tiltaket. Øvre grense for tilskuddet er 3,5 mill. kroner per prosjekt. Den øvre grensen gjelder ikke i Troms og Finnmark fylke. Ved bruk av tre som byggemateriale, kan det i tillegg gis et tilskudd på inntil 20 prosent av innvilget tilskudd etter første ledd, begrenset oppad til 400 000 kroner. Ved utmåling av tilskuddet skal det tas hensyn til graden av trebruk i prosjektet. I forkant av investeringer i produksjonsanlegg kan det gis tilskudd til kjøp av tjenester til ressurskartlegging.

- Det er gledeleg og heitl naudsynt at vilkåret for tretilskot går så tydeleg fram i forskrifta seier Felde.  

 

Landbruks- og Matdepertementet sine sider finn du brev til innovasjon Norge og forskrifta.