Sogn og Fjordane Bondelag har over fleire år samarbeidd med Felleskjøpet SA, Tine SA og Nortura SA om å reise rundt til ungdomsskular for å informere om dei ulike samvirkebedriftene, men òg for å rette fokus på norsk matproduksjon, utdanning og karriere. Så langt i år har ungdomskulane på Sande, Førde (Halbrend), Balestrand, Vik i Sogn, Eikefjorden og Hyen fått besøk. Samvirkebedriftene har som mål at ein skal besøke fleire skular enn tidlegare. 

For Jenny Helen Velle, medlemssjef i Tine, var dette første gang ho var med på samvirkebesøk. Ho har tatt over jobben etter Norunn Ulvedal som pensjonerte seg i sommar. Ho tok føre seg kven Tine er, kven som eig Tine, litt om omsetndad, produksjon og kor mange meieri vi har i Norge. Elevane fekk lære at Tine Meieriet Vik er eit spesialmeieri som produserar gamalost, bringebærjuice og mylse, medan Tine Meieriet Byrkjelo er eit av dei største meieria i Norge. Gjennom video vart elevane tatt med på omvisning på eit meieri og dei fekk òg sjå fokuset på klimasatsing gjennom #kukraft - biogass produsert på kumøkk. Presentasjonen vart avrunda med å fortelje om kva jobbmoglegheite som er i Tine, til dømes arbeid ved meieriet, ledelse og rådgjevar.

 

Jenny Helen Velle frå Tine SA

Felleskjøpet var representert av Atle Roset som snakka om oppstarten til Felleskjøpet, teknologi, viktigheita av samvirke då spesielt med tanke på det å vere marknadsregulator. Roset informerte om kva produkt dei sel, om oppbygginga til selskapet. Det er 44 000 bønder som eig Felleskjøpet. Foredraget vart avrunda med karrieremoglegheitane og utdanningsvegar.

Atle Roset frå Felleskjøpet Agri SA

Frå Nortura stilte Per Hilleren, som sjølv er bonde og har god kjennskap til det å vere eigar av samvirkebedrifter. Det var ikkje alle elevane som hadde høyrt om Nortura frå før, men då Hilleren nemnde Gilde, fauk henda til vers. I presentasjonen fekk elevane eit innblikk i kva samvirke er, kven Nortura er med sine 17 000 eigarar og kva karrierevegar som fins innanfor bedrifta.

Per Hilleren for Nortura SA

Sogn og Fjordane Bondelag sitt fokus var å fortelje om kva samvirke er til forskjell for eit aksjeselskap, kor viktig det er med norsk matproduksjon og kva som skjer om ein sluttar å produsere norsk mat. Elevane ved dei ulike skulane fekk eit innblikk i kor viktig bonden er for levande bygder og arbeidsplassar i distrikta, samt kor mykje makt elevane har når dei går på butikken for å handle mat. Birgitte K.S. Bjaanes kunne fortelje at 60 % av maten vi et er importert, mykje av denne består av kjøtt, mjølkeprodukt og grønnsaker som den norske bonden kan produsere sjølv. Bjaanes avrunda presentasjonen sin med ei oppmoding til ungdomen om å tørre å gå sin eigen veg og å følgje intresseområder når dei skal velje utdanning. 

Birgitte K.S. Bjaanes frå Sogn og Fjordane Bondelag

Når alle var ferdig å presentere vart dagen avslutta med Kahoot med spørsmål frå presentasjonane. Dette er alltid ein populær aktivitet som òg syner at elevane er flinke å følgje med. Sjølvsagt med premiering til vinnaren.

Sigurd var ein av dei heldige vinnarane i Balestrand, godt fornøgd med premien!