- For oss er det svært viktig å få ei retningsendring i landbrukspolitikken, samstundes som vi får tetta inntektsgapet til andre yrkesgrupper. Vi har også store forventningar til at ein investeringspakke retta direkte mot ombygging frå båsfjøs til lausdrift i mjølkeproduksjonen kjem på plass i Statsbudsjettet for 2022.

Stor kostnadsvekst og svak inntening kombinert med mange arbeidstimar gjer at mange ikkje lenger ser ei framtid for seg og garden som matprodusentar i Vestland.   - Det hastar verkeleg med tydelege signal om ei økonomisk bærekraftig framtid for Vestlandsbonden, held Felde fram.  Difor er det arbeidet som no skjer sentralt i høve utforming av regjeringsplattform, posisjonering mellom aktuelle regjeringsparti og fordeling av taburettar avgjerande for Vestlandsbonden si framtid.   - Vi treng sterke, dyktige menneske med innflyting, som i den nye regjeringa kjempar for distriktslandbruket og tenestetilbodet i distrikta, seier ein tydeleg Felde. 

Gratulerer til valde representantar frå Sogn og Fjordane og Hordaland

- Eg er glad for at vi samla frå dei to valkretsane i Vestland får breidde i representasjonen på Stortinget frå mange ulike parti, held Felde fram.  For oss i landbruket er det viktig med ein tett og god dialog med politikarar frå alle parti, så eg ser verkeleg fram til dei gode samtalane kring utviklinga av matproduksjonen i Vestland, og ynskjer alle som er valde til representantar frå sin valkrins og sitt parti lukke til med svært viktig arbeid, avsluttar Felde.