Mattilsynet sitt distriktskontor i Sunnfjord og Ytre Sogn vart i haust omfatta av pilotprosjektet for husdyrregisteret. SLF (Statens Landbruksforvaltning) og Mattilsynet samarbeider om utmåling av produksjonstilskot, med grunnlag i dyretal registrert i husdyrregisteret.  Avvik mellom tal dyr oppgjeve i søknad om produksjonstilskot, og i husdyrregisteret, reduserer tilskotet med kr. 500 per storfe som er i avvik. I utgangspunktet var denne endringa gjeldande for kommunane i Sunnfjord og Ytre Sogn frå søknadsomgongen i august 2011, men er utsett til å gjelde frå komande søknadsomgong i januar.

- Ved oppstarten av pilotprosjektet og første samanlikningsrunde, oppdaga vi nokre tekniske problem i systema som vi tok tak i, seier Bente Axelsson i Mattilsynet. I vårt distrikt fekk vi rydda opp i veldig mange av feila, held ho fram. Når trekket vart utsett til neste runde, vert det betre tid til å rydde opp i tilfelle der det framleis er feil.

- Etter søknadsomgongen i januar 2012, køyrer vi ny samanlikningsrunde mellom søknadar og husdyrregister. Dei som har avvik vil motta brev om dette, der lister over dyr registrert i husdyrregisteret ligg ved. For å finne avvika må bonden sjekke desse listene mot dyra ein hadde på garden ved teljedato. Dei som er medlem av rådgjevingsteneste kan henvende seg dit for å rette opp avvik. Andre kan ta kontakt med Mattilsynet, seier Axelsson.

I nokre spesielle tilfelle kan det vere ei forklaring på avviket som gjer at det er "rett". Om ein meiner at dette er tilfelle, bør ein ta kontakt med landbrukskontoret i kommunen og opplyse om dette, for å unngå trekk i tilskotet.

Det er viktig at vi held fram det gode arbeidet med å sikre oss eit husdyrregister av god kvalitet, presiserer Axelsson. Då pilotprosjektet vart vedteke gjennom jordbruksoppgjeret i 2009, var nettopp god datakvalitet målet. Gjennom EØS-avtala pliktar Norge seg til å ha eit sentralt individregister for storfe. Ved utbrot av alvorleg smittsame dyresjukdommar, og nokre matbårne sjukdommar hos menneske, vil eit nøyaktig register vere ein føresetnad for sporingsarbeid, avsluttar Bente Axelsson.

Trekk i produksjonstilskot vil først komme ved avvik etter søkjaromgongen januar 2012. -Det er viktig at vi held fram med ryddejobben i husdyrregisteret, presiserer Bente Axelsson i Mattilsynet.