Holmås var fram til nyttår både mjølkebonde og sauebonde.  No er mjølkekua og kvoten seld.  Framleis er det nokon kviger og ungdyr att på bruket, men det er 200 vfs som får hovudfokuset desse vekene.  150 er av rasen Norsk Kvit Sau medan det også er kring 50 utegangarsau på bruket som ligg i Alver kommune i Nord Hordaland.   Areal til fjellbeite vert leigd av bøndene i Arnafjorden, slik at sauene til familien Holmås beitar i Stølsheimen Landskapsvernområde.  Sauene verte slepte i Eksingedalen og trekkjer så vidare inn i fjellheimen i retning Sogn.

       

Lamminga er godt i gang i Lindås: Norsk Kvit Sau med 3 lam som kosar seg inne og utegangarsau med to lam.

Utsikt til vath, skogkledde åsar og driftsbygningen frå bustadhuset.

Driftsbygningen på garden med bustadhuset t-v-

Austrheim og Lindås Bondelag har 85 medlemer, og Holmås vil ikkje skryte på seg stor aktivitet det siste året.

    

 Sauer som ventar på å føde trillingar og lammehjelp som tek seg ein pust i bakken.  Det er viktig å kvile mellom taka.

Snøfallet sist veke gav ein liten stopp i utviklinga på innmarksbeita, men med varsla varme utover veka reknar Holmås med at det raskt vert grøne bakkar å beite på for alle sauene på bruket.

Vi i Vestland Bondelag ynskjer alle sauebønder lukke til med lamminga :)