Traktorprøven på rett spor att
- Det er gledeleg at Statens Vegvesen no har eit mål om å ta unna køa for oppkøyring til førarkort for traktor før sommaren, seier seniorrådgjevar i Vestland Bondelag Merete Støfring
Det har sidan i fjor haust vore redusert kapasitet på å få køyre opp til førarkort for traktor i Sogn og Fjordane og på Voss. Dette skuldast mellom anna reiserestriksjonar knytt til korona. Konsekvensen for mange 16 åringar har vore at dei har måtta vente inntil 6 månader på å få køyre opp, og det er altfor lenge! Både i høve landbruket sin trong, men også for dei som utdannar seg innan anleggsbransjen.
Med utgangspunkt i telefonar frå medlemer, tok Bondelaget kontakt med Statens Vegvesen i slutten av mai. I dagens møte med representantar for Vegvesenet kom det gode nyhende om at sensor no er på plass att i Sogndal og at målet er å ta unna køa i Sogndal, Nordfjord, Voss og Førde før sommarferien. - Det er bra at oppkøyring til førarkort for traktor vert prioritert dei komande vekene, seier Støfring. Det er laga plan og lagt ut timar for oppkøyringsdagar i Sogndal, i Stryn/Nordfjordeid, Voss og i Førde som vil dekke trongen innan veke 33.
Samstundes har saka synt at det er eit sårbart system ved ein pandemi, så Bondelaget utfordra Vegvesenet til å tenkje berdskap samstundes som informasjon til Bondelaget og opplæringskontoret kan vere lurt om liknande situasjonar skulle oppstå seinare.
Desse deltok på dagens positive møte: Rolf Helge Fjell og Torbjrøn Brosvik frå Statens Vegvesen, Jan Erik Øygard frå opplæringskontoret for anleggs- og bergfaga i Førde og Anders Felde og Merete Støfring frå Bondelaget.