Det har sidan i fjor haust vore redusert kapasitet på å få køyre opp til førarkort for traktor i Sogn og Fjordane og på Voss.  Dette skuldast mellom anna reiserestriksjonar knytt til korona.  Konsekvensen for mange 16 åringar har vore at dei har måtta vente inntil 6 månader på å få køyre opp, og det er altfor lenge!  Både i høve landbruket sin trong, men også for dei som utdannar seg innan anleggsbransjen. 

Med utgangspunkt i telefonar frå medlemer, tok Bondelaget kontakt med Statens Vegvesen i slutten av mai.  I dagens møte med representantar for Vegvesenet kom det gode nyhende om at sensor no er på plass att i Sogndal og at målet er å ta unna køa i Sogndal, Nordfjord, Voss og Førde før sommarferien. - Det er bra at oppkøyring til førarkort for traktor vert prioritert dei komande vekene, seier Støfring.   Det er laga plan og lagt ut timar for oppkøyringsdagar i Sogndal, i Stryn/Nordfjordeid, Voss og i Førde som vil dekke trongen innan veke 33.  

Samstundes har saka synt at det er eit sårbart system ved ein pandemi, så Bondelaget utfordra Vegvesenet til å tenkje berdskap samstundes som informasjon til Bondelaget og opplæringskontoret kan vere lurt om liknande situasjonar skulle oppstå seinare.

Desse deltok på dagens positive møte: Rolf Helge Fjell og Torbjrøn Brosvik frå Statens Vegvesen, Jan Erik Øygard frå opplæringskontoret for anleggs- og bergfaga i Førde og Anders Felde og Merete Støfring frå Bondelaget.