Torill Eidheim frå Hordaland HøyrePå Øvstegård i Hodnesdal driv Roar og Anne-Grethe Angelskår med mjølk og kjøtproduksjon. Roar, som er leiar i Eikanger Bondelag, fortalde om garden, drifta og produksjonen. Politikarane fekk med seg både fordeler og ulemper ved gardsdrifta, og dei fekk også Roar sitt syn på investering og framtida.

Marit og Reidar Konglevoll på Seim gard driv med sau og Inn På Tunet. Under omvisninga på garden informerte Reidar mellom anna om Inn På Tunet, og det var eit fengande tema. Engasjementet var stort, både frå verten og dei besøkande.

Reidar, som er leiar i Alversund og Seim Bondelag, har jobba mykje med jordvern, og det vart også ein viktig del av diskusjonen.

 - Eg  håpar politikarane sit igjen med mange inntrykk og litt meir kunnskap om landbruk, sa nestleiar i Hordaland Bondelag, Frøydis Haugen, som meinte turen var ein suksess. 

Frøydis har rapportert om turen på bloggen sin, Kuprat.

Deltakarane på turen: Jette F. Christensen og Magne Rommetveit frå Hordaland Ap, Åsta Årøen og Terje Breivik frå Hordaland Venstre, Silje Guleng frå Hordaland SV, Audun Syltevik frå Hordaland Sosialistisk Ungdom, Ragnar Tyssebotten frå Hordaland Frp, Benjamin Anda, Tore Johann Reksten og Lene Aksnes frå Hordaland KrFU, Torill Eidsheim frå Hordaland Høyre og Sigrid B Handegard frå Hordaland Sp.

På besøk i fjøset

Sigrid Handegard frå Sp

Reidar Konglevoll fortel Åsta Årøen, Magne Rommetveit og Jette F. Christensen om landbruk

Tematur landbruk og matproduksjon