Nøgd: Geir Støfring satsar på å få slått to gonger i år.

 

- Det er bra mengde og veldig god kvalitet seier lokallagsleiaren i Jølster Bondelag.  

Støfring fortel at han byrja slåtten for to dagar sidan. Han har cirka 350 mål slåttemark, men driv også med leigeslått.  

- Det er slitsomt når det står på, men det er viktig å sikre avlinga. For bonden er det nesten eit høgdepunkt. 

 

Tidelegare enn vanleg

FULL FRES: Ein av bakkane til Støfring i Jølster.

 

- Eg bur på ei sandrik jord og varmen, frå fleire periodar i år, har drive avlinga fram raskare enn vanleg.  

Støfring fortel han starta slåtten 1,5 - 2 veker før han brukar. 

- Me kan risikere å kome i utakt med den kjende rytmen me har, men eg håpar det skal gå bra. 

 

Håpar å halde trøkket oppe

FÅR HJELP: Geir Støfring har god hjelp i sonen Andreas Støfring.

 

- Det er mykje å gjere. 

Bonden fortel om lange dagar og tøft arbeid. Heldigvis får han god hjelp av heile familien, det er han glad for. 

- Det er kjekt at dei hjelper til, eg set pris på det. 

 Sjølv om det er mykje som skjer og masse som skal gjerast, er Støfring oppteken av å kunne unne seg ein pause inni mellom. 

- Et ein is eller ta eit bad, slik får ein litt ekstra energi.