Tok opp straumstøtte til produsenteigde pakkeri med Ministeren

- Det hastar med å få på plass ei ordning med straumstøtte for dei produsenteigde pakkeria i grøntsektoren, sa fylkesleiar Anders Felde i møte med Landbruks- og Matminister Sandra Borch denne veka.
Statsråd i Landbruke- og Matdepartementet var på besøk i Sunnfjord og Nordfjord sist tysdag. Vestland Bondelag var då sjølvsagt til stades for å fokusere på viktige saker for våre medlemer. Konkrete tiltak som kan betre den økonomiske situasjonen på kvar gard hadde hovudfokus i dialogen med Ministeren. Mellom anna tok fylkesleiar Anders Felde opp trongen for ei betre straumstøtteordning. Det same gjorde styremedlem Gry Ingvild Agjeld då ho møtte ministeren i møte på Eid seinare på kvelden.
Tydeleg melding frå fylkesleiar Anders Felde vedrørande straumstøtte
Norges Bondelag sine krav til betring i straumstøtta
Styremedlem Gry Ingvild Agjeld t.v og Landbruks- og Matminister Sandra Borsch t.h.
På møtet på Eid fekk statsråden også ros frå seniorrådgjevar Merete Støfring for å ta tak i viktige saker for bonden i skjeringspunktet mellom Landbruks- og Matdepartementet og Klima- og Miljødepartementet sitt ansvarområdet. Det vart mellom anna synt til grep innan hjorteforvaltning og rovviltforvaltning.
Leiar i Olden Bondelag, Silje Skarstein og leiar i Nordsida Bondelag Per Erik Ulvedal var nokon av tilhøyrarane på møtet på Eid. Silje fekk også stilt spørsmål til Ministeren om konkrete tiltak som kan betre bonden sin likviditet.