Det Norske Måltid
Konkurransen løfter fram norske mat- og drikkeprodusentar og bidrar til næringsutvikling ved auka etterspørsel og styrka omdømme for norsk matproduksjon. Det er med å styrke primærnæringane og foredlingsbedriftene innan norsk matproduksjon.

Konkurransen om dei beste matprodukta i Noreg starta i 2008 og syner både breidda i matproduksjonen og dei unike råvarene vi har her i landet. Kvart år reiser Det Norske Måltid landet rundt og gjennomfører konkurransen.

I år var det to vinnarar frå Vestland. I kategorien "årets grønne foredlet" vann Ulvik Frukt & Cideri  med "Eplesidereddik frå Hardanger" I kategorien "årets sider" vann Aga sideri med "Humlepung".

Om eplesidereddiken sa juryen at «Vinnaren har ein smak som er godt balansert, frisk og tydeleg. Lukta er rein og karakteristisk. Dommarane synast det er kjekt å sjå at nokon tør satse på denne typen produkt i Norge. Vinnarproduktet er basert på gardens hovudproduksjon og banar veg for nytenking og innovasjon».

Om Humlepung sa juryen at: "Flaska har eit tydeleg og karakteristisk design. Dommarane likar at det er historieforteljing rundt namnet på sideren. Sideren er elegant laga og kommuniserer tydeleg at her er det godt handverk og tradisjonar som ligg bak. Eplepreget er godt balansert og gir eit floralt og maskulint smaksbilde. Her vert grensene tøya for sider, men i positiv retning- dette er absolutt i toppen av det som vert produsert i Norge!"

Vi gratulerer!

Les meir på Det Norske Måltid