I nokon storfehald, særleg på bruk som driv med oppforing av storfe til slakt, kan det vere mykje kjøp og/eller sal av dyr.  Flytting av dyr mellom bruk gjev ein auka risiko for å spreie smittsame sjukdommar.  Då er det særleg viktig å ha gode smittevernrutiner og god kjennskap til reglane for flytting av dyr.  Mattilsynet vil ha ekstra merksemd på dette under tilsyn i 2023.

Dei ser etter følgjande:

  • Smittevernplan
  • Smittesluse
  • Reinhald/hygiene
  • Lasterampe
  • Karenstid ved flytting av dyr

Her kan du lese Mattilsynet si pressemelding på tema