Kontoret til Vestland Bondelag tel 6 tilsette  Fylkeslaget skal framleis ha eitt kontor i Førde og eitt kontor i Bergen.  Saman skal medarbeidarane legge til rette for at dei tillitsvalde på fylkesnivå og lokallaga kan utvikle seg og vere synlege og tydelege på medlemene sne vegne.  Samstundes som ein skal utøve oppgåver på vegne av Norges Bondelag i fylket.

 Det å kunne møtest og snakke saman er viktig for å kunne bygge eit godt lag.  Det gjer seg ikkje sjølv og vil krevje mykje av den einskilde.   Difor var det flott å kunne få til å møtast på Alver Hotel til den første samlinga.

Tema i samlinga var mellom anna kommunikasjon, arbeidsmåtar og informasjonsflyt.

F.v. Merete Støfring, Birgitte Sunde Bjaanes, Lars Peter Taule, Geir Totland, Maria Makloufi Skjold og Hanne Lisbeth Nybø.