Vestland Bondelag inviterer saman med lokallaga i Gloppen og Jølster til støttemarkering for Ukraina på Byrkjelo fredag 18. mars kl. 20.30.
 
Vi håpar å samle nærare 70 traktorar med gode lys og skal stille dei opp i «fredsteiknet». Vil du delta med traktor? Kontakt Breim, Jølster, Stardalen eller Gloppen Bondelag.
 
Vi oppfordrar samtidig alle andre Bondelag og andre i landet å tenne eit lys, lage ein lysfigur som ei støttemarkering mot krigen i Ukraina.
 
Program:
20.30: Traktorane møter ved Byrkjelo renseanlegg (Fløtraflata).
20.30: Fakkeltog frå Byrkjelo sentrum for alle som har lyst til å delta på markeringa. (Ta med fakkel, lommelykt,hovudlykt)
21:00: Tenning av fredssymbolet ved renseanlegget. oppfordrar alle som kjem å ta med hovudlykt/lommelykt/fakkel. I tillegg så dannar vi eit so stort hjarte som vi er folk til.
21.15: Apellar ved ordførar Leidulf Gloppestad m.fleire til støtte for det Ukrainske folk som kjempar ein frykteleg kring mot Putin.
 
Økonomisk støtte
Vi ynskjer også å samle inn pengar til Ukraina. Pengane skal gå til Røde kors sitt arbeid i landet. Du kan gjer eit økonomisk bidrag på vippsnummer 740372 eller føre over ein sum til kontonummer: 3710.30.07071.
 
Kontaktperson: Anders Felde, leiar@vestlandbondelag.no