Olav Myhr hadde nyleg eit innlegg om teljedatoar i eit møte med arbeidsutvalet i Norges Bondelag og to andre fylkeslag. Vi har difor bedt han om å gi oss litt meir informasjon om temaet.

- Teljedatoane har lenge  vore eit diskusjonstema både i Bondelaget og på andre arenaer, seier Olav. - Eg opplever at stadig fleire bønder vil ha dei fjerna og heller gå over gjennomsnittstal gjennom året som ein til dømes finn i husdyrkontrollen.

Kva meiner du med teljedatoar?

To dagar i året er det ekstra kjekt å ha mange dyr. Det er 1. mars og 1.oktober, altså på dei mykje omtalte teljedatoane. Datoane er ofte eit tema når bønder diskuterer. Ein bør alltid passe på å ha flest mogleg dyr då for å få mest mogleg husdyrtilskot.

Gjeld dette alle bruk?

Det gjeld mest for dei mindre og dei mellomstore bruka der tilskota ofte utgjer ein større del av inntekta enn for dei større. I Vestland har til dømes 40% av mjølkebruka færre enn 15 kyr. Dersom kviga kalvar rett etter teljedatoane, vert ho framleis registrert som ungdyr det neste halve året. Dette utgjer om lag 2000 kr mindre i dyretilskot per ku, medrekna kalven, og i mange tilfeller reduksjon av avløysartilskot.

Mange har haustkalving for å utnytte kulturbeite som ikkje ligg ved driftsbygningen, eller for å nytte utmarksbeite på fjellet. Tine har endra priskurva med endå større pristillegg om sommaren for å dekke marknaden. Slik må det nok være, og fjerning av teljedatoane kunne vore til god hjelp. Slit ein med å få kalv i kvigene taper ein fort 10.000 kr i tillegg til at mjølkeprisen går kraftig ned i oktober.

Er det andre ulemper med teljedatoane?

Ut frå eit dyrevelferdsyn kan det være problematisk at enkelte bønder beheld dyr som eigentleg burde ha vore avliva, eller slakta tidlegare til over teljedatoen Slakteria vil også få jamnare slaktetilgang gjennom året om teljedatoen forsvinn.                  

- Med dagens teknologi burde det gå mot ei løysing med gjennomsnittstal gjennom året, seier Olav. - Den vil verte meir rettferdig for alle. Dersom mangelfull registrering hos enkelte produsentar er ei utfordring, bør ein kanskje vurdere å innføre eit trekk for dei det gjeld. Då vert dei som har registrerer korrekt premiert, slik det er vanleg i mange andre samanhengar.
 

Olav Myhr