Om vi gjer som Miljødirektoratet, og reknar dei siste tre åra sitt gjennomsnitt er vi på  61 årlege ynglingar.   Om vi ser reelt på det har vi ein årleg vekst og pil som peikar oppover.  40 ynglingar i 2017, 58 i 2018, 62 i 2019 og 63 i 2020.  Når vi i tillegg veit at dette er minimumstal så er utviklinga uhaldbar!

Tal ynglande jerv er så høg, at det kan sjå ut til at ein i forvaltninga ikkje klarar å nå mål sett av Stortinget.   Vi kan undrast på om vi har ein forvaltning som er ute av stand til å nå målet?   Kva med dykk Stortingsrepresentantar?  Er dykk viljuge til å gje forvaltninga dei føringane og dei ressursar som må til for å kome ned på måltalet som de har vedteke? Stiller Hovland spørsmål om i eit lesarinnlegg sist veke.

Bilete: Ole Bjarne Hovland på beitetilsyn på Filefjellet saman med Høgre sin rovviltpolitiske talsperson Lene Westgård- Halle sommaren 2020.

Det vil til dømes vere avgjerande at Statens Naturoppsyn (SNO) får tilstrekkelege økonomiske løyvingar til å kunne utøve sine oppdrag raskt, effektivt og med høg kunnskap.  I jobben med Statsbudsjettet må økonomiske løyvingar til SNO sitt utøvande arbeid med rovviltforvaltninga prioriterast.

I 2015 vart de oppretta eit prosjekt kalla effektiv lisensjakt på jerv, og ein fekk prøvd ut ulike metodar for å effektivisera jakta. Nokon av desse metodane er no godkjent, men lisensjakta slik den er i dag klarar aldri å få bestand av jerv i nærheita av målet.  Kvifor ikkje prøve å få til fleire tiltak som gjer lisensjakta meir effektiv?  Jeger bør få nytte snøscooter fram til åteplass, og de må på plass ein endring i jakttid. Fjellet er fullt av reinsjegerar frå 20 august.   Lisensjakta på jerv startar 10 september.  Kvifor ikkje legge til rette, gjennom forskrift, for oppstart av lisensjakta den 20. august?

Enn so lenge er det aller viktigaste verkemiddel ein har for å regulere bestanden av jerv, i tillegg til lisensjakta,  SNO sin innsats med ekstraordinære uttak den komande vinteren og våren.  I ein situasjon med ein altfor høg bestand må dette arbeidet styrkast!  Uttaka må ta til tidlegare, slik at det kan lukkast med uttak av fleire einskildindivid før yngling.  Uttaka bør eigentleg ta til no.  Ja, lisensjakt skal vere hovudregelen, men når tala sin tydelege tale er at lisensjakt, gjeve dagens regelverk ,ikkje maktar den oppgåva.  Då må andre verkemiddel styrkast!