Det er gjort fleire synsobservasjonar av jerv, mange sporobservasjonar og det er samla inn mange prøver som er sendt til analyse hos Norsk Institutt for Naturforsking (NINA).  Det er særleg i Luster og i grenseområda i Skjåk at observasjonane er gjort.  MEN det er også gjort funn av spor så langt vest som i Høyanger og det er truleg også aktivitet lenger sør kring Røldal/Suldal.  Nye obervasjonar kjem til omlag dagleg. 

Uhaldbart for beitenæringa med så mykje jerv i beiteområdet

- Det er ikkje tvil om at med så stor aktivitet frå jerv i fjellområda i Indre Sogn så er det svært stor trong for ekstraordinært uttak i regi av Statens Naturoppsyn (SNO) held Gry Ingvild Agjeld fram.   Utfordringa er vermeldinga og heilagdagar.  Slik situasjonen er no må vi forvente at det vert sett i verk uttak når det første høvet med lageleg ver kjem.  Snøen ligg ikkje evig, og det er avgjerande å ha sporsnø og godt lys om ein skal lukkast med uttak av jerv. 

- Det er også uroande at NINA ikkje klarar å levere svar på innsende DNA prøvar før i slutten av april, held Agjeld fram.  Det  er sterkt ynskjeleg å få svar på om sporaktiviteten kjem frå hodyr og om det er nye jervar, eller om det er kjende individ som er registrer med DNA tidlegare år.   Dette vil gje eit bilete på kor mange individ som totalt er i området. 

Ulike observasjonar av jerv i perioden 01.01.2023 - 30.03.2023 .  I observasjonar ligg sporteikn og prøvar tekne ut for DNA.  Same individ kan vere registrert fleire gonger, men eksakt svar får inn ikkje på det før DNA prøver er analysert. 

Hugs målestokk når du tek bilete av spor

Om du skulle kome over spor av jerv på skitur i påska, så hugs målestokk når du tek bilete.  Ta gjerne med ein meterstokk i sekken på tur.  Jervspor liknar mykje på mår så målestokk og storleik på spor er viktig.   Noter gjerne også stad for funnet og meld frå til SNO eller registrer sporfunn i Skandobs.

Illustrasjonsfoto - Viktig med  noko som syner målestokk når du tek bilete av spor.  Hand/snusboks kan også duge om du ikkje tek med eit lite måleband i sekken

Jervespor. Foto Rein Arne Golf, SNO