Driftsbygningen på Voss tok fyr 8. desember, og Brannvesenet, naboar og andre frivillige hjelpte til å redde 34 kyr og 151 griser. Diverre var det ikkje mogeleg å redde alle dyra, men god organisering og mange hjelparar gjorde det mogeleg å få ut dyr og halde dei samla på staden.

Fredag kveld arrangerte Bulken og Evanger Bondelag ei samling der både familien som vart råka av brannen og hjelparane møtte fram. Markeringa samla 40 personar i ungdomshuset på Bulken.

Representantar frå nødetaten skrytte av dei frivillige hjelparane, som mellom anna tok kontroll over dyra som vart redda ut av den brennande fjøset.

Les meir i Avisa Hordaland      Artikkel om brannen