Skal kvardagsbondelaget kunne gjere ein jobb krevst det personar som vil ta på seg verv og  medverke til aktivitet.  Erling Nesse  er ein av desse som gjer ein innsats over tid.   I sitt siste lokallagsårsmøte som leiar opna han liksågodt heile møtet med å synge "Skrytevise over Vestlandet" av Ottar Wiik.  Deretter las han opp årsmeldinga og orienterte om vedtak i Nordre Gulen Bondelag om å slå seg saman med Gulen og Masfjorden Bondelag.

Landbrukssjef i Gulen kommune, Håvard Tveit gjekk gjennom landbruksplan for Gulen kommune for 2021-2030.  han la vekt på synleggjering av landbruket sin viktige betydning for verdiskapinga i kommunen.   Mjølkeproduksjonen er bærebjelken.  Hovudutfordringa framover vil vere generasjonsskifte og krav til ombygging frå båsfjøs til lausdrift.   Det vert arbeidd frå kommunen for å legge til rette for dei som vil investere, tenke nytt og som ynskjer alternativ drift.   Det er viktig for kommunar som gGulen å sikre seg lys i husa heile året.  Ikkje berre i feriane.

Tre av styremedlemene i Gulen og Masfjorden Bodnelag f.v. Arve Wergeland, Knut Audun Areklett og Bjarte Nordanger.  Ny leiar etter Erling Nesse vert Normann Grimen og elles er Olav Ørjan Daae vald inn i styret.