Frøydis kom inn som leiar i Austrheim og Lindås Bondelag med eit mål om å skape nettverk og møteplassar for bøndene. Saman med resten av lokallagsstyret løfta ho aktivitetsvivået i lokallaget.

Etter nokre år som lokallagsleiar, vart ho vald som tredje varamedlem i fylkesstyret. I 2013 vart ho nestleiar, og etter bare eit halvt år måtte ho ta over leiarvervet. Det tok ho på strak arm. Vi sette stor pris på innsatsen hennar i lokallaget og fylkesstyret, men var sjølvsagt glade for at ho vart vald inn i styret til Norges Bondelag.

I Norges Bondelag var ho 2. nestleiar frå 2017 til i går. Tusen takk for innsatsen, Frøydis! Her er nokre bilde frå tida i Hordaland Bondelag.