Tysdag 19.januar kl 18.00 vert det brent bål fleire plassar i Vestland. Dette er ein del av ein nasjonal bålaksjon, ei markering mot ulveforvaltinga i Norge. Bålaksjonen er arrangert av Naturbruksalliansen, som ein reaksjon på at regjeringa overkøyrer rovviltnemndene si avgjersle om å ta ut fem ulveflokkar inne i ulvesona. Istadenfor å følgje rovviltnemndene, går regjeringa inn for at berre to flokkar blir tatt ut, Kynnaflokken i Hedmark og Aurskogflokken i Akershus, og seier at det ikkje er grunnlag for å ta ut dei tre andre flokkane. 

- Dette reagera vi veldig på. Vi ser det som heilt nødvendig at Stortinget sine vedtak om bestandsmål blir fulgt opp. Å ikkje lytte til rovviltnemndene er ei overkøyring av nemndene si rolle i rovviltpolitikken. Dei har fått sitt oppdrag frå Stortinget. Perspektivet til dei som lev med ulv og rovdyr tett på seg blir ikkje tatt omsyn til. Det handlar om fleire lokalsamfunn rundt om i heile landet. 

Talet ulv ligg i dag langt over det som er bestandsmålet. Vestland ligg i beiteprioritert område, og er dermed ikkje råka direkte. Men Felde ser eit potensielt problem med å ha ei overfylt ulvesone. - Så lenge ulvesona er overfylt vil ulven som vandrar inn frå Sverige, vandre tvers gjennom ulvesona og inn i beiteprioritert område. 

– Det er viktig å vise støtte sjølv om vi er utanfor ulvesona. Fleire bønder i området vårt har fått kjenne på kroppen korleis det er å ha ulv og anna rovdyr tett på seg, det er ei stor belastning i lengda. Vi håpar at regjeringa kan gjere den jobben dei skal og høyre etter på rovviltnemndene, seier Felde.

Ynskjer du å delta i aksjonen? 

Tenn eit bål kl 18, i kveld tysdag 19.januar, pass på at de ikkje er fleire samla enn det som er smittevernmessig forsvarleg. Ta bilete av bålet ditt og post det i sosiale media med #bålaksjon2021

Knyt eit eller fleire av bodskapa til bilete: 

  1. Lytt til rovviltnemndene sine lokale stemmer!
  2. Reduser ulvetrykket i ulvesona!
  3. Følg opp Stortinget sitt vedtatte bestandsmål for ulv!