Ta ein ekstra telefon til ein kollega som du tenkjer at kan trenge det
- Som husdyrprodusent har du ansvar for meir enn berre deg sjølv og din eigen økonomi. Du skal og sitta på ein enorm mengde kunnskap om dyrehold, grovforproduksjon, foring og mykje mykje meir, innleia Kristian Sætre til årsmøtet i Norges Bondelag
- Eg har sjølv berre siste halvannan året vore vitne til to stygge dyretragedie saker, held Sætre fram. - Eg seier ikkje at me hadde vert forutan desse sakene med fleire krav, men etter å ha kjent på desse sakene, snakka med mange nyoppstarta bønder, og vore med på og starta opp lokalt bonden sitt nettverk har tanken på at me må få på plass meir kunnskap før ein startar med dyr “slått meg” oftare og oftare.
Me driv ei næring me skal vera stolte av. Me skuldar både oss sjølve og dyra våre at dette blir utført på best mogleg vis. Me må difor ha på plass eit krav til utdanning eller kompetanse for å kunne starta opp med husdyr, dette kan vere so enkelt som eit kurs som går over eit par helgar der ein går inn på det grunnleggande. Og ei mentorordning dei 2 første åra du driv. Dette burde vore finansiert i jordbruksforhandlingane i form av ei startpakke til bønder som vil starte med husdyr. I alle høve til dei yngre bøndene som vil starte opp.
Til sist nokon oppfordringar frå bonden og lokallagsleiaren i Vik Bondelag
Er ikkje din kommune komen i gong med bonden sitt nettverk? Les deg opp og ta kontakt med nokon som allereie er i gong og oppfordre lokallaga dine til og gjere det same.
- Ta ein ekstra telefon til ein kollega som du av ein annan grunn tenkjer kan trenge det.
- Prøv å legg vekk nabokrangelen som har vore der i generasjonar. Naboen kan faktisk vera grei.
- Sist men ikkje minst, prøv å ver positive og skryt når andre gjer ein god jobb, i staden for å baksnakk å trykk andre ned.
Me er ikkje fleire enn at me må kunne spela på lag, avslutta Kristian Sætre, årsmøteutsending frå Vestland og leiar i Vik Bondelag