Årsmøte i Sveio BondelagSveio Bondelag er eit aktivt lokallag med 108 medlemer. Dei vart kåra til årets lokallag i 2012. I grunngjevinga for kåringa la juryen vekt på at Sveio Bondelag jobba godt i styret, ovafor medlemene og ”folk flest”. Ikkje minst gjorde dei ein flott innsats for rekruttering til næringa.

Styret har god politisk kontakt og tar opp og diskuterer viktige saker som kartlegging av friluftsområde og vindkraft i kommunen. 

Stand på matfestival i Haugesund.Sveio Bondelag har sosiale samankomster for medlemer, som HMS-møte, bondekafe og ølsmaking. Dei organiserer også plastinnsamling. Dei siste åra har dei vore engasjert i biogassanlegget på Stord og korleis dette kan vere til fordel for bøndene i området.

Det er ikkje uvanleg at det vert arrangert Open Gard i Sveio, gjerne anna kvart år. Dei samarbeider med Skåre Bondelag i Rogaland og fleire andre organisasjonar. Dei er også engasjert i Bygdeungdomslaget sitt arrangement "Traktorens dag".

I 2016 hadde dei over 700 besøkande på Open Gard, og i 2018 var det 300 besøkande på Einstapevoll gard. Skåre Bondelag, Bygdeungdomslaget, 4H og Bygdekvinnelaget hjalp til med servering dei mange aktivitetane. Dåverande styremedlem Anne Holter Vae lagte eit flott referat med bilde som du kan sjå her: Open Gard i Sveio 2018.

Traktorens Dag. Foto: Sveio Bondelag

Mjelkespann-kasting. Foto: VestavindAksjon under brot i jordbruksforhandlingane