Denne veka har hatt med seg gode temperaturar jamnt over fylket vårt. Graset veks, og mange har kome i gong med første slåtten.

Hjå Camilla Avedal Ulvik i Fjaler og Hyllestad Bondelag har dei endeleg fått byrja å slå. Totalt slår dei ca 500 mål fordelt på 5-6 ulike plassar i området. Til onsdag denne veka hadde dei fått pakka 150 rundballar frå den eine plassen, og er no godt i gang med neste. Med eit forbruk på ca 8 rundballar per dag til dei om lag 300 oksane deira, seier det seg sjølv at det blir ein del dagar med slått.

Her ligg det klart for pakking.

Steinplukking med tilhøyrande lunsjpause i sola høyrer med til denne tida.

Kjekt å sjå til dyra som kosar seg ute på beite.

Tid for mat inne i fjøsen.

Beiteslepp hjå foreldra til Camilla Avedal Ulvik i Avedalen. - Det er viktig å hjelpast åt, so då foreldra mine skulle ha sauene sine ut på beite tok vi fri frå vårt arbeid og reiste i Avedalen og hjalp dei.  

I Naustdal har lokallagsleiar Arild Hestad ikkje kome i gang med slåtten endå. - Det er ikkje meir enn knappe 14 dagar sia siste gjødsla vart kasta ut så vi får vente litt til, seier han. Ein del av bøndene i Naustdal er allereie i gong og i løpet av kommande veke kjem nok resten.

Ein fryd å køyre gjennom Naustdal i desse dagar: grøne bøar, nyslåtte bøar, nysådde bøar, dyr på beite, rett og slett nydelig!

Det ballar på seg med ball...

I Nordre Gulen Bondelag fortel leiar Jarle Nordgulen at dei hadde markdag førre fredag saman med Arve Arstein frå NLR. Her fekk dei anbefalt å dryge litt til då veksten ikkje er tatt ut endå. Sjølv hadde han ikkje fått ut all gjødsla før snøen kom, deretter vart det vått og han måtte vente til marka var tørka nok til å køyre på. - Men det blir nok ei råd med slåtten i år òg, seier Nordgulen.

Bringebærbuskene til Tveita Gardsmat i Gulen. Tveita Gardsmat har endeleg kunna opne kafèen sin igjen etter nokre veker med kun take away meny. Berre å glede seg til den gode bringebærsafta deira er klar.

Endeleg mogleg å byrje slåtten i Gulen.

I innerste del av Sognefjorden, nærare bestemt hjå Thomas Rastad i Aurland Bondelag har det vore ein travel vår, både som bonde og tømrar. Men han er i rute, og i går fekk han byrja på slåtten. Den største utfordringa no er at det framleis ligg store mengder snø i fjeller slik at han har endå ikkje fått sauene på sommarbeite i fjellet. Dermed har han måtta ofra noko av førsteslåtten til beite for sauene. I tillegg var det eit godt fôr-år i fjor, så han har rikeleg å ta av. Elles gler Rastad seg over at det blir råd å legge ut salt til sauene igjen denne sommaren. Sauene hans hadde kort veg nedatt til fjorden så dei klarte å finne salt der, men fleire andre fekk problem med sauer som vandra lange distansar. Første helikopterlass med salt skal truleg gå i kommande veke.

Slåtten er komen i gong i Aurland.

To små som kosar seg ute.

Framleis mykje snø i fjella i Aurland, og lite mat på stølen til Rastad på 700 moh. .

 

God helg, og god førsteslått til alle som er kome i gong!