Studiering i koronatid
Kvart år har lokallaga studiering der dei samlast for å diskutere kva dei meiner fylkeslaget skal prioritere i det årlege innspelet til jordbruksforhandlingane. I år måtte mange lokallag finne ei ny løysing.
Nokre lokallag greidde å arrangere fysisk studiering, men mange måtte ty til digitale møte. I Os Bondelag samla heile styret seg til diskusjon på Zoom. Fylkeskontoret hjelpte til med å sette opp møtet, og alle fekk kopla på lyd og video. Med så få i møtet gjekk det fint at alle hadde på mikrofonen.
- Det fungerte bra med digitalt møte, seier Dina Lervåg frå lokallagsstyret. - Det var stort engasjement i studiearbeidet og god diskusjon. Den sosiale biten vert litt annleis, men vi tilpassar oss godt synst eg.
Digital studiering for styret kan fungere bra, men det kan vere vanskelegare å samle fleire medlemer. Naustdal Bondelag hadde to digitale møte på Zoom. Dei inviterte alle produsentmedlemene, men det var ikkje så mange som deltok.
– Eg er litt skuffa over det dårlege oppmøtet, seier lokallagsleiar Arild Herstad. Det kan vere ein terskel for nokon å delta i eit digitalt møte, men det var ikkje forskjell på ungdomen og dei eldre, seier han.
Naustdal Bondelag har også hatt styremøte på Messenger, og er veldig nøgd med det alternativet. – Ein må lage seg ei gruppe på Messenger, og då er det enkelt å ringje opp alle, seier Arild. Dei fleste har eit forhold til Messenger, så det er eit lavterskel alternativ.
Ullensvang Hagebrukslag, Jondal Bondelag og Odda/Røldal Bondelag høyrer til same kommune, og dei hadde felles digitalt innspelsmøte og leverte samla innspel. -Det fungerte fint, seier lokallagsleiar i Odda/Røldal Bondelag, Kåre Johannes Aase. Vi har mange forskjellige produksjonar i kommunen, så det var fint å få innspel frå fleire lokallag.
Vikøy og Øystese Bondelag sendte ein spesiallaga versjon av questbacken til alle medlemene, og Sveio Bondelag oppmoda også alle medlemene om å kome med innspel.
Vi håpar dette var siste gong vi må ha digital studiering, men det er uansett bra å ta med seg erfaringane frå denne runden.