Dina Lervåg på eit arrangement med Humørbonden - før koronaNokre lokallag greidde å arrangere fysisk studiering, men mange måtte ty til digitale møte. I Os Bondelag samla heile styret seg til diskusjon på Zoom. Fylkeskontoret hjelpte til med å sette opp møtet, og alle fekk kopla på lyd og video. Med så få i møtet gjekk det fint at alle hadde på mikrofonen.

- Det fungerte bra med digitalt møte, seier Dina Lervåg frå lokallagsstyret. - Det var stort engasjement i studiearbeidet og god diskusjon. Den sosiale biten vert litt annleis, men vi tilpassar oss godt synst eg.

Digital studiering for styret kan fungere bra, men det kan vere vanskelegare å samle fleire medlemer. Naustdal Bondelag hadde to digitale møte på Zoom. Dei inviterte alle produsentmedlemene, men det var ikkje så mange som deltok.

– Eg er litt skuffa over det dårlege oppmøtet, seier lokallagsleiar Arild Herstad. Det kan vere ein terskel for nokon å delta i eit digitalt møte, men det var ikkje forskjell på ungdomen og dei eldre, seier han.Arild Herstad

Naustdal Bondelag har også hatt styremøte på Messenger, og er veldig nøgd med det alternativet. – Ein må lage seg ei gruppe på Messenger, og då er det enkelt å ringje opp alle, seier Arild. Dei fleste har eit forhold til Messenger, så det er eit lavterskel alternativ.

Ullensvang Hagebrukslag, Jondal Bondelag og Odda/Røldal Bondelag høyrer til same kommune, og dei hadde felles digitalt innspelsmøte og leverte samla innspel. -Det fungerte fint, seier lokallagsleiar i Odda/Røldal Bondelag, Kåre Johannes Aase. Vi har mange forskjellige produksjonar i kommunen, så det var fint å få innspel frå fleire lokallag.

Vikøy og Øystese Bondelag sendte ein spesiallaga versjon av questbacken til alle medlemene, og Sveio Bondelag oppmoda også alle medlemene om å kome med innspel.

Vi håpar dette var siste gong vi må ha digital studiering, men det er uansett bra å ta med seg erfaringane frå denne runden.