Plast er eit viktig materiale for landbruket, men det kan også føre til forureining. Norges Bondelag og Gjensidige ønsker at landbruksplasten skal leverast inn til resirkulering, og kjem no med ny støtteordning til innkjøp av plastpresse/komprimator.

Dersom du kjøper ein plastpressse kan du søkje om tilskot på 7000 kroner. Kjøpet må dokumenterast med kvittering som du laster opp saman med søknaden. 

For å søkje må du vere medlem i Norges Bondelag og kunde hos Gjensidige.

Her finn du link til søknad og informasjon om dei andre tiltaka du kan søkje om.

Kollektive tiltak
Lokallaga og andre med organisasjonsnummer kan søkje om midlar til gjennomføring av tiltak som kan vere til gode for fleire bønder, lokalsamfunn eller heile landbruksnæringa. Dei kan søkje om støtte til klimasmart landbruk, dyrevelferd og dyrehelse og skadeforebyggjande tiltak innan brann, bygningsskade, flaum, styrtregn, tørke og maskinskade.

Søknadsfristen for kollektive midlar er 15. oktober og 15. mars.

Les meir om Bærekraftfondet og individuelle tiltak og kollektive tiltak her.

Eksempel på kollektive tiltak som kan få støtte.