Støttar opprop om å oppretthalde alarmsentralen i Florø
- For yrkesutøvarane i landbruket er det viktig at vi har tryggleik ved personulykker eller brann, heiter det i fråsegna frå årsmøtet i Sogn og Fjordane Bondelag som støttar opp om engasjementet for framleis å kunne ha ein alarmsentral i fylket.
Vidare i fråsegna frå årsmøtet i Sogn og Fjordane Bondelag heiter det:
Bønder er med i den frivillige brannberedskapen. Bondelaget vil også peike på at kompetansearbeidsplassar vil gå med i dragsuget av flytting av alarmsentralen.
Kvifor Florø?
- Gode lokalkunskapar, lang erfaring og god kontaktflate
- Moderne 110 sentral – samordna med politiet
- Sogn og Fjordane er bygd opp på eit frivillig brannvesen, dette kan ikkje samanliknast med profesjonelt.
- Stor bruk av den stolte brannmann som ofte er bonde som kan improvisere og finne løysing i kritiske situasjonar.
- Flytting av 110 sentralen kan virke demotiverande i den lokale beredskapen.
Mange oppgåver vert løyst best lokalt, og dette er ei av dei meiner fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane Bondelag.