Eid Bondelag hadde planlagt mange kjekke aktivitetar i 2020, som dei har måtta setje på vent.  likevel har laget klart å oppretthalde noko aktivitet i form av jamnlege styremøte, innsamlingsordning for landbruksplast, møte med ordførar i lag med fylkeslaget og oppstart av fotoprosjekt av bønder i Eid.

Med dagens aukande smittesituasjon for Covid 19 kan nøkkelen til aktivitet framover verte digital.   - Kjenner eg Eid Bondelag rett så finn dei på noko kreative arrangement der også, seier Ole Bjarne Hovland som representerte fylkeslaget i møtet på Nordfjord Hotel.  Da vart ein kjekke kveld seier Hovland.

Styret og vara i Eid Bondelag passar på 1meteren  f.v.: Runar Haugland, Ina Herstad, Knut Tore Nes Hjelle, Arve Dahl, Tom-Even Langø, Aamund Starheim og Nikolai Åshamar.