- Det er alltid kjekt å kome på årsmøte til lag på kysten, seier Gjengedal.  Om da er det opne landskapet som gjer da veit ikkje eg, men dei kjem som regel med tydelege meldingar frå sin bondekvardag, og det er svært nyttig. Økonomien tyngjer for fleire, så inntekta må opp!!  Samstundes var det også nokon som gav uttrykk for at dei er nøgde med mykje av det Bondelaget har fått til så langt, utan at det er grunn til "å kvile på laurbæra".  Arbeidet med mål om ei sterkt auka inntekt må arbeidast svært godt med vidare. 

Flott i Ervika ute mot storhavet.

Sjølve årsmøtet vart gjennomført i eldhuset på garden til Geir Ole Ervik

 

Opptekne av gode kanalar for leveranse av landbruksplast

Lokallaget har delteke på ryddeaksjonen våren 2022 og dei samlar også årleg inn landbruksplast frå bøndene i laget.  Dei er etterkvart sterkt uroa for kostnaden ved å få transportert plasten til godkjend mottak.  Som eit geografisk ytterpunkt i Vestland opplever dei sterk auke i kostandene knytt til transporten.  Det må kome ordningar som sikrar at ikkje bønder i utkantane må betale mykje meir for å kunne levere sin plast sett i høve til dei som driv gard tett opp til godkjent mottak gjennom Grønt Punkt !!

Svein per Ervik held fram som leiar

Med seg i styret har han Norvald Dalsbø, Vigdis Bakkebø og Geir Ole Ervik. 

 

Tur innom den nye fjøsen til Norvald Dalsbø

Selje- og Stadlandet Bondelag har vore med på dugnad når Norvald Dalsbø skulle sluttføre fjøsen sin.  Skikkeleg kjekt å kunne ta turen innom den heilt nye fjøsen i førekant av årsmøtet, avsluttar Gjengedal.